Du er her:

Årsplaner for faget "Utdanningsvalg"

Faget utdanningsvalg skal bidra til å skape helhet og sammenheng i grunnopplæringen og knytte grunnskole og videregående opplæring bedre sammen. I planen er det lagt vekt på at elevene skal få erfaring med de ulike utdanningsprogrammene på videregående skole samt kunnskap om yrkeslivet og videre utdanning.

Mål:

Gi elevene kompetanse, slik at de kan ta bevisste valg til videregående opplæring.

  • Bli bevisst sine sterke og svake sider.
  • Få kjennskap til de ulike utdanningsprogrammene på VG.
  • Få prøve ut interesser, evner og anlegg. Kompetansepermen/karrierepermen ajourføres.
  • Teoretisk og praktisk erfaring.

Stikkord: egenkompetanse, arbeidslivskompetanse, mulighetskompetanse og valgkompetanse.

§ 22-3. Utdannings- og yrkesrådgiving

Den enkelte eleven har rett til rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval. Utdannings- og yrkesrådgivinga har som formål å bevisstgjere og støtte eleven i val av utdanning og yrke og utvikle kompetansen til den enkelte til å planleggje utdanning og yrke i eit langsiktig læringsperspektiv.

Retten til nødvendig utdannings- og yrkesrådgiving inneber at eleven mellom anna har rett til:

  • rådgiving og rettleiing som er knytt til val av yrke og utdanning
  • oppdatert informasjon om utdanningsvegar i Noreg og andre land
  • oppdatert informasjon om yrkesområde og arbeidsmarknaden lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • opplæring i å finne og orientere seg i informasjon og i bruk av rettleiingsverktøy
  • informasjon om søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
  • opplæring og rettleiing om jobbsøking og andre søknadsprosedyrar.

Eleven skal gradvis bli bevisst sine eigne interesser, dugleikar og verdiar, og få kunnskap, sjølvinnsikt og evne til sjølv å kunne ta avgjerd om yrkes- og utdanningsval. Rådgivinga skal også utvikle eleven sine evner til å vurdere moglege konsekvensar av val og førebyggje feilval. Frå 8.– 13. årstrinn skal rådgivinga leggjast opp som ein prosess.

Utdannings- og yrkesrådgiving skal vere eit samarbeid mellom ulike personar og instansar på skolen, og skolen skal så langt det er mogleg og hensiktsmessig trekkje inn eksterne samarbeidspartnarar for å gje elevane best mogleg informasjon og tilbod om rådgiving om yrkes- og utdanningsval. Aktuelle samarbeidspartnarar er til dømes andre utdanningsnivå, lokalt næringsliv, partnerskap for karriererettleiing og heimen.